Bispevisitas i Vistdal
Onsdag 16. mars 2011 var biskopen i Vistdal


Forrige veke var det bispevisitas i dei fire kyrkjelydane i Nesset. Onsdag var biskopen med sitt fylgje i Vistdal. Her ser
vi bilde frå sekkjepåsemiddagen på bedehuset. Biskop Ingeborg har smaka dette før, nemleg på stiftsdagen på prestegarden i
fjor sommar. Ho ser ikkje skeptisk ut når ho forsyner seg. Til bords har ho Arne, Odd Karsten, prost Lars og prest Bjørn.
Heilt til høgre ser vi bakhovudet av Inge Morten Haarstad som var med som sekretær. I bakgrunnen Ingri, som var med i den
flotte kjøkkengjengen. Etter middagen var Ingeborg i kyrkja og viste stor interesse for alt som var å sjå der. Søndag avslutta
ho med visitasgudsteneste Nessetkyrkja, pluss samling på bedehuset der ho framførte sitt visitasforedrag.